Questions - you got 'em; answers - we got 'em

58 - merkelig behersket, ikkje "grand" nok, ein liten gretten morsel, startfase, eit spørsmål om identitet

Frå: odd.walter.bakksjo@c2i.net (Odd Walter Bakkesjø)

Kjære Ian,

Eg hoppar over "vi er ikkje verdig"-delen. For mykje av det kan gjere deg sjølvgod, tru at du er noko....;-)

Siden eg har vore ein fan meir enn halve livet, veit eg eigentlig ikkje kva eg skal spørre deg, men siden dette er ein spørsmål og svar side, må eg vel kome opp med noko.

1) Korleis har turnéane og det å vere ein musikar gått ut over helsa di, i tidens laup? Har du nokon gang brote saman, følt at det ikkje var noko energi igjen, har doktoren nokon gong gitt deg ordre om å ta det med ro, starte på nytt, forandre ete/drikke/trene vanar eller noko slikt? Kva gjer du for å halde deg i form?

2) Kva er det verste med at Jon Lord forlet bandet?

3) Viss du kunne velge ein person, død eller levande, som du kunne intervjue, kven ville det vere?

4) Synger eller spelar dottera di også? Ei Ian Gillan plate med ein far/dotter duett hadde vore sjarmerande ....eller kanskje ikkje?

5) Kva er din favoritt drikk?

6) Kan du lage mat? I så tilfelle, kva imponerar du vennar og naboar med?

7) Kva ønskar du deg til Jul?

8) Var dette for mange spørsmål? Kva spørsmål har du lyst til å bli spurt?

9) Mine to fornamn er Odd Walter. Ville ikkje det vere ein flott sang tittel (ein oppfølgar til Ted The Mechanic)? Odd er norrønt og betyr spydspiss, Walter er tysk og betyr krigar. Men eg er likevel ein fredelig mann - lærar, sangar, gitarist og poet.

Hils til gutta - takk for alle dei fantastiske hendelsane,

Odd Walter Bakksjø Norge

God dag Odd Walter,

Takk for spørsmåla dine, din tydlige sjølvbehersking og at du bryr deg om min personlegheit.

1) Eg har vakse på det.

Eg trur at mennesklige bønner, eller "long pigs" (=lange grisar) som vi blir kalla på nokre menyar, treng to ting for å vere lukkelige....ein sans om hensikt og ein sans om å høyre heime...I jobben min har eg begge delar, I kan ikkje komme i hug at eg har brote saman.

Eg har aldri trena, siden eg ikkje er altfor glad i lukten av gymsalar, eller musikken dei spelar. Eg likar ikkje å springe fordi det kjem i vegen for tenkinga mi, og eg kan ikkje rettferdigjere utgiftane kring joggeutstyr. Men eg liker å gå i mange mil langs naturstiar, strender osv., og eg synest det er kjekt å seie hei til folk som ikkje brukar øyretelefonar. Eg svømmer også mykje. Når eg er på turné, er den daglige treninga på scena aerobic, mildt sagt!

2) Det er ikkje noko verste ting, slik eg ser det, dette er livet og eg respekterar Jon sin beslutning. Eg vil verdsette mine minner om Jon sitt store bidar til Deep Purple og hans påvirkning på livet mitt, men mest av alt vil eg sjå fram til vårt neste måltid ilag, når han vil velge vinen. Hans skarpe humor... En nervøs fan sa ein gang til Jon...'Jon Lord, eg er din helt.' Han svarte...'Å, så du er Kong Arthur, kjekt å endelig få møte deg.'

Men vi er no i tida av Don Airey, han bringer sin egne personlige og musikalske talent til bandet. Hans skarpe humor...Ved ein nylig middag i Los Angeles etter eit opptak, ein ivrig politisk debatt i kategorien 'republikkheit' tok ein historisk vendning. Den som stille sørsmål vendte seg til Don 'Punic krigane, du veit om Punic krigane ikkje sant?' 'Jøss ja' svarte Herr Airey 'Punic krigane: Paicey og eg snakkar om lite anna på turné bussen.'

3) Vladimir Putid, eg skulle gjerne ha fått eit innblikk i kva han tenker om framtida til Russland.

4) Dottera mi nyter livet og utvikar hennar eigne talent og ferdigheiter slik som mange andre nittenåringar. Det siste ho treng er ein far/dotter duett, ho går sin egen vei i livet. Eg seier ikkje at vi aldri skal arbeide i lag, men ikkje før ho har sin eigen identitet. Då kan ingen seie 'du fekk dette på grunn av faren din'.

5) Det kjem an på forholda, så lenge det er vassbasert er ikkje eg masete.

6) Eg kan lage mat men eg er ikkje så sikker på at eg har imponert nokon med mine kulinariske ferdigheiter. (jo det har han, han gjer ein spesielt fantastisk spag bog (=spaghetti) - Steve / ed) Eg gjer ein slem oste fondue.

7) Sjølv om eg ikkje er kristen, ville det vore ei fin tid for litt generell forståelse. Meir spesifikt ville eg gjerne sett ein reduksjon i det uanstendinge nivået av komersiell utnyttelse, som virkar som ein komplett motseielse av ånden kring begivenheita.

8) I har ikkje noko imot spørsmål i det heile tatt, men det ville vere meiningslaust viss eg valgte dei.

9) Takk for forklaringa....kva spiss av spydet er det?

Cheers, ig

Frå: Pamela Johnson bdywrks@comcast.net

Kjære herre,

Eg var ein student ved det Amerikanske "College of Switzerland" tilbake på 80-talet. Denne skulen var tidligare plassert i det gamle "Grand Hotel" i Leysin, Sveits, som, før skulen kjøpte det, hadde stått forlatt i mange år.

Nokre av oss lurte på om dette er det same Grand Hotel som er refferert til i teksten:

We ended up at the Grand Hotel It was empty cold and bare But with the Rolling truck Stones thing just outside Making our music there With a few red lights and a few old beds We make a place to sweat No matter what we get out of this I know we'll never forget Smoke on the water, fire in the sky

Med dine referanser til Sveits, og Leysin sin avstand til Montreux, har naturligvis rykter sirkulert i årevis at hotellet som er nemnt i den legendariske sangen er, faktisk, VÅRT hotell.

Mange takk på forskot for å avklar dette...

Pamela Johnson Manager,
ACS Alumni Board

Hallo Pamela,

Eg er lei for å måtte skuffe deg men "Grand Hotel" var utan tvil den som var i sjølve Montreux.

Cheers, ig

Frå: Dregsteve re: spørsmål frå Debs

Ein siste ting, kan du spørre Steve om korleis han gjer byrjinga av Highway Star? Eg har sett det tusen gangar og kan forsatt ikkje tru at han ikkje har ein Harley i lomma!!

Takk!! Debs x

Dette er eit enkelt svar.....start med whammyen pressa heilt ned, slå så på den lavaste strengen, drar "baren" tilbake til orginal posisjonen sakte. repeter på den neste strengen når pitchen har gått opp kring 5 fretter, inntil Ian byrjar å synge.

Frå: jenny_loves_horses@hotmail.com (Jenny Rycroft)

Takk for at du svarte på min siste email like før Jul! Eg har endelig fått min nye gitar no. Den er svart og djup lilla farga, i samme mønsteret som tre. Du kan sjå at eg er galen etter Deep Purple, siden eg no har ein gitar i samme farge!

Eg håpar å sjå dykk igjen den 25. Juli, 2003, i Glasgow! Eg håpar eg kan stå framme igjen, men eg tvilar på det! Eg antar det er ein i ein millions sjanse for å få gjere det, men det var flott å få gjere det! Deep Purple er det beste bandet nokon sinne, de skriv og spelar fantastisk musikk, og eg beundrar dykk alle veldig mykje.

Eg skal prøve veldig hardt å starte mitt eiget band snart med nokre vener frå skulen, men dei har ikkje veldig mykje talent, så eg må prøve å lære dei nokre teknikkar og overtale dei til å øve mykje etter skulen, i lag med meg.

Nokre spørsmål eg ville vere glad viss du kunne besvare, er:-

1. Kan du gi meg nokre hint om korleis ein startar opp eige band frå starten av?

2. Kvar er den beste plassen eg kan mulig finne litt av Deep Purple sin skrevne musikk på internettet, som eg kan lese av?

3. Kva ville du gjere viss du ikkje var i Deep Purple?

Takk Ian Gillan viss du svarer på spørsmåla mine, eg ville vere evig takknemmelig!!!

Jenny, 14 (P.S. bursdagen min er om berre 12 dagar, den 13. Mars - so eg er spent!)

Hallo Jenny,

Takk for dine brev, kommentarar og spørsmål.

1) Eg trur du gjer det på rette måten til å byrje med. Nyt øvingane med vennane dine, nokre vil bli bedre og nokre vil gi seg. Etter kvart som du blir bedre vil andre kome og til slutt vil du ha ei gruppe av likesinna folk. Prøv å starte med enkle låtar som er morosame å spele, og ikkje ha bekymringa om platekontrakt eller å bli kjent...vertfall ikkje enno.

2) Du kan ikkje gjere bedre enn å gå til websida www.thehighwaystar.com, så klikkar du på "lyrics/tabs" under "Purple Music" i menyen til høgre. Du burde då finne alt du treng av ord, grep og tablatur.

3) Vanskelig å seie, kvar vesle ting du gjer i dag påvirkar livet ditt i lengda. Eg likar å arbeide med tre, så kanskje noko slikt. Håpar du hadde ein fin bursdag den 13. Mars.

Cheers, ig

Frå: orrimaarko@hotmail.com (Orrimaarko P.F.)

Ian,

Hei, Min kone og eg var heldige nok til å sjå ein Purple konsert i Syndey for 2 år sidan, medan vi reiste i Australia. Under konserten nemnde du at faren din var Skotsk. Kona mi drog på ein autografering på den lokale musikk butikken dagen etterpå (eg var på Steve og Paicey sine gitar og tromme klinikker) og du fortale henne at faren din var frå Govan. Eg var berre nysjerrig på om du reknar deg sjølv for å vere halvt skotsk eller berre engelsk, fordi du har vore der lengre? Eg veit vi er alle britiske bla, bla, bla, men biografien til bandet seier berre eit Engelsk band, når Roger er frå Wales og Steve er frå statane!

Takk for all musikken - og Sauchiehall St 1970! Eg var ikkje født då, men eg har ein orginal kopi av "the next day's Daily Record!)

Ricky

Hallo Ricky,

Takk for brevet ditt og det vansklige spørsmålet. Ja, min far var fra Govan i Glasgow. Som dei seier i Gunga Din (sjå Wordography)...

'...My Daddy was from Scotland, and I couldn't understand A single word he said to me until I was a man...'

(...min far var frå Skottland, og eg kunne ikkje forstå eit einaste ord han sa til meg før eg var ein mann...)

Eg er halvt skotsk og halvt engelsk, men eg vaks opp i England og er derfor per definisjon ein engelskmann. Men eg er nødt til å skrive britisk eller U.K. i alle reise dokumenter som må fullførast. England, eller det å vere engelsk, virkar ikkje som det eksisterar, sjølv ikkje ved Westminster.

Verda var ein annan plass på 60-talet og den orginale utgava av Deep Purple var satt saman med engelskmenn. Roger Glove bragte inn litt Wales-blod i '69. Eg trur den fyrste amerikanaren som vart med i DP var Tommy Bolin for 'Come Taste The Band'. No har Steve vore med oss i eit tiår.

Nasjonale identitetar virkar som det betyr mindre i denne multi-kulturelle tida, men Deep Purple virkar for meg som essensielt engelsk, og eg meinar ikkje det på noko flaggveivande måte i det heile tatt...meir slik som røttene vi ikkje kan sleppe unna, og eigentlig heller ikkje vill sleppe unna.

Cheers, ig

Returner til:
Back to the Q&a index