Questions - you got 'em; answers - we got 'em

64 – ’Born again’ monitor mix, smilande Århus, gjorde du/ville du?, ordsmed, julealbum?

Frå: Johnnyangel94@aol.com

Hei Ian

Min største favorittsanger og skriker, mange takk for dei personlege autografane eg fekk frå deg i fjor. Mitt spørsmål dreier seg om tiden med Black Sabbath og albumet med deg og bandet 'Born Again'. Gjennom åra og i fleire intervju har du nemnt ein 'ekstra låt', som vart spelt inn til albumet, men som aldri vart utgitt. Du nemnde også at du har den orginale (og antagelig 'bedre') mixen av heile LP'en.

Eg kan forestille meg at eg også taler på vegne av mange fans der ute, som også elsker dette albumet og ditt korte men tidlause arbeid med Black Sabbath - har du nokon gong vurdert på eit eller anna tidspunkt å gjere den nemnde låta og den originale mixen (saman med kanskje mange andre 'gullklumper' frå karriera di) tilgjengelig for dei mange Deep Purple og Black Sabbath fans? Eg kan forestille meg at det ville passe fint til ein kommande Purple eller Gillan-box, då det virker som at Sabbath leiren har gløymt denne utrulige perioden og konsekvent ønsker berre å gi ut skjeldenhetar frå Mark 1 besetninga.

Mange takk for at du vil bruke tid på dette, kanskje du vil formulere eit svar og nokre tilbakemeldingar på forslaget mitt. Takk igjen Ian!!

Vennelig helsing
Johnny (Joe) Angel
Chicago

Kjære Joe/’Hey Joe’ (dei gamle sangane er alltid dei bedste – red.)

Takk for dei vennelige orda. For nokre månadar sidan fekk eg denne Sound Audigo gismo boxen for å kunne overføre alt analogt til digitalt.; så eg satt meg ned med ca. 600 gamle kassettar og brukte nokre dagar på å ordne og sortere dei. Godt nytt og dårlig nytt...Eg fann massevis av materiale, som eg fullstendig hadde gløymt; demoar, out-takes, tidligare mixar, øvingar, intervju og alt mulig interessant materiale frå dei siste ca. 20 år; alt var i fin stand.

En av dei uvurderlige tinga eg fann var monitor-mixen av 'Born Again', den samme teipen som eg har referert til. Alle sangane var opplista (heile albumet) og håndskrevet på vedlagt papir, Manor Studios osv. Forestill deg min skuffelse da eg kun fann tre låter på teipen, Trashed, Digital Bitch og ein til (eg har gløymt kva det var, då det er ei stund sidan, og eg har ikkje vore heime på 6 veker). Men eg har stadig ein del perler, eg skal gå gjennom med sikte på ein mulig utgivelse, og kven veit, kanskje kassetten var i feil boks, og det virkelige vil kanskje dukke opp. Eg skal undersøke vidare. Men ein ting til. Eg må vere feilsitert (ser man det). Eg kan ikkje hugse noko ekstra låt. Eg meiner, der var nokre uferdige instrumentalnummer frå Born Again-innspelinga, og kanskje (sjølv om eg ikkje kan hugse det) nokre tidlige vokaler, som skulle verte sletta, men som ikkje vart det likevel. Uansett så er det slik for meg at det er, det det er, nemmelig eit veldig spesielt album.

Cheers, ig

Frå: hrd1909@worldonline.dk

Hei Ian

Før eg stiller deg spørsmålet, som har plaga meg i meir enn 20 år, så la meg seie kor positivt overaska eg var da eg lytta til det nye DP-albumet 'Bananas'. Eg kjøpte det i går og har lytta, virkelig lytta, til det 3 ganger og spelt det som bakgrunnsmusikk 5-6 ganger, medan eg gjorde andre ting. Eg synest de er inne på noko! Eg liker det! Eg må innrømme at den einaste grunnen til at eg kjøpte det var at eg skal på konserten i Århus den 29. November. Og eg ønsker ikkje å øydelegge opplevelsen med at der er 5-6 låter eg ikkje kjenner. Men kva skal eg seie? Fy skamme meg. Viss du vil vite korleis eg ser ut, så berre sjå etter den smilande idioten på 5. rekke som kjenner teksten til alle dei nye låtane.

Men så til spørsmålet. I København 1983 var ekstranummeret med Black Sabbath 'Paranoid' og 'Smoke on the water'. Men i kva rekkefølge. Det kan kanskje virke som eit irrelevant sprøsmål, men ein av mine venner og eg har diskurert det utalige gangar dei siste 20 åra.

Vi sjåast i Århus den 29. november. Eg kan nesten ikkje vente. Forsett med det gode arbeidet.

Vennelig helsing
Henrik

Hei Henrik

Takk for brevet ditt og kommentarane. Det var vanskelig å sjå deg kvelden før, da heile 5. rekke i Århus var eit stort smil. Med hensyn til sprøsmålet og ekstranummeret med Black Sabbath; det må ha vore 'Smoke on the water' fyrst og deretter 'Paranoid'. 'Smoke..' har alltid vore ein referanse til min Purple-forbindelse, men vi ville heilt sikkert ikkje ha avslutta konserten med den.

Cheers, ig

Frå: Aureiio.Santos@senior.com.br

Mitt namn er Aurelio, og eg er frå Brasil (kjent for dykk som Braxilien). Fyrst vil eg seie takk for all den fantastiske musikken, som du har begeistra oss med gjennom alle desse åra. Eg kjøpte 'Bananas' for to dagar sidan, og eg er heilt vill over den, slikt eit fantastisk album! Har lest meir enn eng gang at du ikkje freistar å unngå dei vanskelige spørsmåla, så her kjem eitt: har du nokon sinne i karriera di hatt problem med narkotika?

Eit anna vanskelig spørsmål: Viss du vart invitert av Ritchie Blackmore til å medvirke på eit Blackmore's Night-album, kva ville du svare?

Eg teller dagane fram til min fyrste Deep Purple konsert i Curitiba. Eg er sikker på at det blir ein uforglemmelig kveld.

P.S. Kan du seie meg om Deep Purple er øverst på plakaten??

Bedste helsingar
Aurelio

Hei Aurelio

Takk for brevet ditt og spørsmåla frå Brasil. Som du veit på dette tidspunktet, vart konserten i Cuitiba avlyst i siste augeblink etter noko forbløffande tull frå myndighetane si side. Alle papira var i orden, og alle tillatelsar var gitt og underskrevet i godt tid. Så vi kan berre undre oss over beslutningstakarane sitt talent og motiv. Eg vil halde mine mistankar for meg sjølv, då det arbeidast med å få til ein konsert på beina ein gang i framtida, og eg vil ikkje øydelegge mogleheitane. Kva eg kan seie er at vi var begeistra over det brasilianske publikumet sinn reaksjon, og vi gleder oss til å vende tilbake, spesielt til Curitiba.

Då vi lukka gjesteboka her på Caramba, var det med stor sorg, fordi eit åpent, usensurert forum i teorien er ein vidunderlig ting. Men det funkar aldri på den måten, gjer det vel, og misbruket frå ei lita gruppe cyber-fascister gjorde det umulig å forsette. Eg trur ikkje, at Caramba er den einaste websida som har måtta seie stopp! Så no har vi Q&A, og da vi skifta lovde eg at sensuren vill berre gjelde uforskamma materiale; ok det er subjektivt, men slik er det.

Uansett, standardsvaret på spørsmålet ditt pleier å vere '..ja, eg kan ikkje få tak i noko', men eg trur ikkje det er morosamt lengre. Fakta er at vi ikkje bevegde oss inn på det området og at vi konsekvent ungjekk noko av det forferdelige som skjedde med andre på den tida. Eg røykte ikkje min fyrste joint før eg var 38 eller 39 år gamal. Faktisk er ikkje det heilt sant. Eg prøvde faktisk noko på ein turné i USA i byrjinga av 70-talet, som eg fekk av ein sanger/trommeslagar, som skal forbli anonym. Det hadde ein forbløffande fysisk effekt på min seksualdrift, som varde i tre lange, harde, pinefulle dager, og som fekk meg fullstendig vekk frå narkotika.

Som svar på deitt hypotetiske andre spørsmål vil eg seie at den steinen er best at den ikkje blir vendt. Etter så lang tid synest eg det er best at vi kjem vidare i livet og unngår ukjent spekulasjon. Så det ville bli eit høffelig 'takk', men eit 'nei takk'.

Cheers, ig

Frå: swanndog71@msn.com

Kjære Ian

Eg vil berre seie at 'Bananas' er eit riktig rockande album. Riktignok er eg ein stor fan av 1970-talets DP og 80-talets album ('House of Blue Light' er ein av mine favoritter av alle). Men samensetninga i dei siste åra med Morse og no Airey er fantastisk. For nokre få år sidan kjørte eg ut av landevegen med radioen på, då ein vill låt byrja. Da dj'en annonserte at det var den nye låten med Deep Purple, med tittelen 'Any Fule Kno That', visste eg at eg måtte høyre heile albumet. Så eg kjøpte 'Abandon', deretter 'Purpendicular', no 'Bananas'. Musikken. Tekstane. Innstilligen. WOW! Det er ein skam at notidas amerikanske radio ikkje setter pris på den dykkar aktuelle musikk talent og magi, og at dei lar vere å spele den til fordel for alt møkket som forureiner radio bølgene no til dags.

Eg vil gjerne spørre: Kvar får du inspirasjonen frå til dine meget spesielle og unike tekstar? Kva les du som inspirasjon? Er der nokre spesielle forfattarar eller diktarar? Den måten du brukar ord, utrykk og blandar setningar er drit-fett. Du er ein rim-ekspert. Der er ikkje mange - om nokon - sånne om dagen. Viss du stranda på ei øy med kun ei plate/cd (sjølvsagt under forutsetningen av at øya hadde strøm til stereoanlegget), kva for eit album ville du helst teke med?

DP gjorde ein fantastisk konsert her i Oklahoma City for to år sidan med Skynyrd og Nugent. Eg håper veldig at de kjem tilbake på 'Bananas' turnéen. Eg er han som vil rope 'Razzle Dazzle'! Takk for musikken gjennom alle åra. Beste helsingar. God ferie og atter ein gang mange takk!

Shannon Don Wann
Midwest City, Oklahoma

Hei Shannon Don Wann

Mange takk for dine vennelige ord og spørsmålet ditt. For øyeblikket har eg omkring 30 låtar som eg forbereder, og dei er spesielt inspirerte av begivenhetar eller tankar, snarare enn av forfattar og diktarar. Ikkje misforstå meg: eg skylder takk til mange fremragande og nokon ikkje så fremragande forfattarar, men mest i mine unge år. På samme måte som den tidlige Elvis, Little Richard, Cliff Bennett, Ray Charles, Marvin Gaye, Dusty Springfield, Brenda Lee, Ella Fitzgerald og mange andre forma min tidlige måte å synge på; på samme måte satte Asimov, Bradbury, Tolkien, Poe, Waterhouse, Doyle, (Chuck) Berry og (i liten grad) Chaucer, Shakespeare, Homer m.fl. gav meg lyst til å fortelle ein historie. Cirka på det tidspunktet der Roger Glover og eg skreiv teksten til 'Any Fule Kno That' vuderte vi på ny vår tilgang til musikken. Siden då har det vore lett for meg å legge håndverket til side og vende tilbake til kunsten og utrykke meg (og det er altså kunst med liten k).

Eg bør tilføye at arbeidet med utrulig dyktige musikarar gjer alt dette mogeleg. No tilbake til det vanskelige spørsmålet. Dersom eg stranda på ei øde øy ville eg sansynelig velge det fyrste albumet eg nokon sinne kjøpte. På det tidspunktet kjent som lp-plate, var det eit Hawaii gitar-ensemble (eg kan ikkje hugse namnet), og eg ville velge den fordi eg alltid har meint at musikken vill passe til situasjonen. Det er så lenge sida at eg lytta til den heime på ein reisegrammofon, at der ikkje vil blir nødvendig med elektrisitet. Der er snakk om å gjere to turéear i Nordamerika neste år, 2004. Den fyrste i janfeb og den andre i aug/sep. Forhåpentligvis kjem vi i nærheten av deg ein av gangane. Hald auge med denne heimesida når detaljane blir bekrefta.

Cheers, ig

Frå: jeff@tf32dg.fsnet.co.uk

Hei Ian

Har du nokon gong vurdert å gjere eit album med julesanger?

Helsing
Jeff

Hei Jeff

Ja, det har eg. For nokre år sidan brakte Steve Morris idéen på bana om å gjere ei juleplate til det engelske markedet. Vi ville kalle den for 'ABC', som er eit synonym for 'Alt, Berre ikkje Cliff'. Men av ein eller annan grunn vart det ikkje til noko.

Cheers, ig

Returner til:
Back to the Q&a index