Questions - you got 'em; answers - we got 'em

65 Aviser og svar, reine nødvendigheder, gynokologi, tar eit synspunkt, svar frå ei ekorn-gås

Frå: chikanildi@yahoo.com

Hallo Ian

Eg veit ikkje kva som skal til for å få svar (du må sikkert lage ringelyder slik som ein telefon, antar eg... -red), kanskje det berre er flaks som skal til. Eg må seie at Bananas er flott, så ja...DEN ER DET. Eg trudde det var åpenbart.

Viss eg måtte seie at du har ein fantastisk stemme, så trur eg det er ein klisjé. Eg ville ikkje ha skrevet til deg på noko annan måte.

Mitt einaste spørsmål er: Kva er din Engelske favoritt-avis?

Helsing,
Ildiko Chikan
Budapest

Hallo Ildiko

Det er eit godt sprøsmål som har blitt svart før, men kanskje det er på tide med ein oppdatering.

Nokon løfter vart gjort når vi lukka gjesteboka, blant anna at eg ville rede kvart einaste brev som kom inn; og det gjere eg, nokon gangar lang inn i natta. Denne fanga blikket på grunn av opnings-spekulasjonen, der du delvis svarte deg sjølv: det er flaks til eit punkt, sjølv om uthaldenhet kan triumfere: av og til. Ros virkar aldri.

Slik fungerar det: Din Email til Q & A linken på Caramba blir sendt direkte til meg. Eg les den og arkiverar den etter prioritet. Denne prosessen står eg for. For eksempel, ditt forrige brev datert 11/20/2003 er i kanskje-seksjonen; denne seksjonen blir redusert og kanskje av og til sletta sånn etter behov.

Så, skriver eg svaret til spørsmålet ditt og mailar det i lag med andre til Steve Campbell (vår kjære Redaktør/Webmeister på Caramba). Han vil så putte dei inn i eit balansert sett for offentliggjerelse. Nokon ganger vil han holde Q & A'en i månedsvis inntil han finner den rette plassen til den, og nokon kjem aldri på websida.

Så idet eg svarer på spørsmålet ditt no, er eg ikkje sikker på når, eller om, du vil lese svaret; det er opp til Red. (Jepp -red)

Så til ditt andre og einaste spørsmål. Eg har ikkje noko Engelsk favorittavis; eg kjøper tilfeldig.

Av tabloid avisene, The Daily Mail har gått i dass, medan The Mirror har forbedra seg voldsomt. Av breisidene, eg må klype meg nokre gangar for å tru at eg bur i samme land som The Telegraph og The Guardian. Dei er begge topp kvalitet, men inn i mellom kanskje, ligger sannheten; viss den finnest.

Eg stoler ikkje på The Sun eller The Times så eg legger dei på hylla. Så er det The Independent, vel, kva kan ein seie om the Independent? Det er ein sær avis; ein dag flott og neste...Hallooo? Nokon der?

The Financial Times har eit ganske bra kryptisk kryssord, så eg kjøper den ganske ofte når eg reiser siden den er lett å få tak i, nesten over alt.

Cheers, ig

Frå: ansgar2002@hotmail.com

Halloy Ian

Mitt namn er Ansgar og eg bur og arbeider akkurat no i Storbritania som ein elektroingeniør. Eg er eigentlig frå Stockholm i Sverige og har vert ein Deep Purple fan i mange år. Eg skriver for å spørre kva du meiner om oppførselen til fansen på konsertane. Eg var, for ikkje så lenge sidan, på ein konsert i Stockholm - eg tok meg min unge son (han er 14). Det skulle vere ein fødselsdagspresang til han, og eg hadde reist heim for nokon dagar for å ta han med på dette. Vi stod langt framme og hadde god utsikt. Konserten var veldig god og lyden var fantastisk. Sonen min hadde det morro meg vart ødelagt av nokon jentefans i salen, som var tydligvis veldig fulle. Det virka ikkje som dei lytta spesielt mykje til den flotte musikken, men var veldig bråkete og viste brystene til alle. Eg la merke til at du synest dette var festelig og morro, men eg synest det ødelagde morro for meg og sonen.

Eg synest fans burde bli kontrollert til ein viss grad. Sonen min vart veldig flau av dei. Eg prøvde å klage til managementet, men dei sa at det ikkje kunne bli gjort noko da. Når eg kom til konsertane dykkar tidligare, hadde alle det kjekt og sjølv om der var mykje drikking var oppførselen kontrollert. Det eg vil spørre er kva du meiner om det? Eg vart spurt om å vise sekken min, at eg ikkje hadde noko alkohol (og sonen min også!) men det vart heilt tydelig smugla inn noko. Synest du det er bra at alkohol blir tatt inn på konsertar og med dårlig oppførsel, eller ville du foretrekke at fans berre underheld seg på kva som helst slags måte? Ikkje misforstå, då eg liker å drikke av og til, men eg synest at når eg går til ein Deep Purple konsert, burde eg konsentrere meg om musikken og ikkje drikke.

Cheers!
Ansgar Windahl

Hallo Ansgar

Takk for brevet ditt og det gårfulle spørsmålet.

Det er vanskelig når du snakkar om ein slik opplevelse med ungeaktige son

.

Eg hugsar episoden og ja, eg var glad og synest det var festelig; eg liker litt sprudlande eksibisjonisme.

Steminga var som alltid rolig og der var ikkje noko trussel bortsett frå for ein beskyttande far som ville konsentrere seg om musikken og dele ein rein opplevelse med sonen.

Eg beklager forstyrrelsen, men slik som mange unskyldningar i det Engelske språket, er det egentlig ikkje ein beklagelse; meir ein følelse av empati.

Heldigvis er musikken vår berre intelektuell, den er ganske fysisk også.

Eg veit ikkje korleis eg skal svare på alkohol spørsmålet; kanskje dei smugla den ved å ha drukket det tidligare.

Det eg liker best, over alt, på ein Deep Purple konsert, er den skjelde og nesten komplette mangelen på vald; vi er alle der for samme grunn.

Håper å sjå deg på eit show i Storbritania neste November.

Cheers, ig

Frå: tabatha.roads@fsmail.net

Hei, hei Doc

Wow, det må eg seie er litt av ein måte å hoppe inn i verden på. Eg må seie at Strikkhopp-Fødselsmetoden din høyrest genial ut.

Men eg må legge til at eg ikkje overhode ønsker å føde.. og må derfor, uten beklagelse, gå glipp av den eksperimentelle metoden.

Men, eg vil nemne at denne metoden din har etterlatt meg med eit merkelig inntrykk av omgivelsen, siden det virkar som at eg av og til bryjar å fnise voldsomt, i forskjellige offentlige plassar, medan eg ser føre meg prosessen.

For ikkje å snakke om din veldig lure collie meg boka og boremaskina.

Eg hadde ein slik hund når eg var sju, og han var kjæresten min; han fann på måtar slik at eg kunne forstå han på, han elska og beskytta meg. Eg fann aldri eit så vakkert hjerte.

Foressten Professor, vil du vennligst utdjupe; kva vil eigentlig ein nerveforstyrrar forstyrre? På kva måte ville eg forestille meg eit sånt objekt?

Cheerio
Tabatha

Halloy Tabatha

Takk for det vennelige brevet ditt. Eg har fått litt av ein postsekk, angåande Strikkhopp-Fødselsmetoden, eg trur den kan slå an.

Min Neuro (nerve var ein skrivefeil) Forstyrrar påvirkar midlertidig nervecellene. Den er eit av eit arsenal av våpen eg har utvikla i seinare år, for ein grunn som ikkje kan bli avsørt før seinare. I sin mest milde form kan den peikast på ein bråkmakar og den bil pasifisere han. Effekten er ganske forbøffande, han settter seg rett og slett ned og har ein liten søvn. Du burde sjå føre deg den som eit under.

Cheers, ig

Frå: markandb@netconnect.comau (Mark Hodgetts)

God dag Ian

Gratulerer med din siste DF. Den fekk meg virkelig til å tenke på GM mat. Det er noko som vanlige folk berre overser. Du har tydeligvis nokre veldig sterke syn på ein rekke ting som leder meg til å tenke på tekstane som du har i låtane. Nokon av desse er ganske tankevekkande, men det virkar ikkje som du liker å dette inn i noko som eg ser på som ei felle, å bli eit slags saklig bandm slik som for eksempel Midnight Oil.

Korleis ser du på eit band slik som Oil (viss du har hørt om dei) og standpunkta dei har tatt, over åra. Er det nødvendig for ein artist, enten han er musikar, forfattar, skodespelar, malar eller kva som helst, å stå opp for saker som dei tenker på, eller risikerar dei å bli sett på som høgståande løgnarar? Heath Ledger, for eksempel, vart satt i gapestokk i den lokale pressa for hans syn på Irak krigen, Dixie Chicks har virkelig fått svi for deira syn på same emnet. Oils gjorde eit ikkje altfor diskre erklering i OL som antagelig gjorde regjeringa flau (eller kanskje ikkje). Dette vart ignorert av pressa og sett på; kva ellers kan du forvente frå ein gjeng med rosa Kommunist sympatisørar.

Uansett; forsett med det flotte arbeidet og lykke til med det nye albumet. Ver så snill å kome til bake til Australia. Eg vil gjerne at ungane mine skal få sjå det beste bandet som har eksistert.

Cheers
Mark Hodgetts

God dag Mark

Takk for brevet ditt, dine tankevekkande observasjonar og spørsmålet. Bra spørsmål.

Som du ser er det ei stynd sidan du skreiv inn til Q & A, og sidan da har GM (genmanipulering) saka blitt mykje bedre i Storbritania. På grunn av voldsom offentlig motstand er der effektivt pause i saka; men regjeringa ser på det på ein annan måte. Monsanto har faktisk trukket seg. Dette er voldsomt bra, men ein kan ikkje stole på desse Frankenstein mat-foka; dei er meisterar i uthaldenhet. Likevel, eg er sikker på at dei vil bli observert veldig, veldig nøye no. Kven veit? Kanskje motstanden vil spre seg og før til ein massiv global forandringsbølge av politikk. Drøm vidare.

Sjølvsagt har eg hørt om Midnight Oil og deira politiske aktivitetar, og ein må respektere alle som står for det dei trur på. Der er mange kjendisar som lånar namnet deira til verdige saker. Problemet ligger ved tolkinga av deira intelligens, engasjement og veldig ofte motivasjonen, av den fryktelige pressa. Ver ein snill gutt/jente (MBE?) og lån ut namnet men ikkje stemma. Kva kan du vite? Du er ein pop sangar, eller kva som helst. Ein bråkete irrelevans. Berre smil for kamera og oppfør deg. La det seriøse arbeidet ligg til oss journalistar, lærde og kapteinane til industrien. Vi skal fortelle politikarane kva dei skal gjere, ikkje de. Gjer noko feil, og du er ferdig, gjer noko feil og du har aldri eksistert; vi har makta! (he he, nei det har dei ikkje).

Eg trur du har rett, regjeringane våre ville ikkje gjenkjenne pinlighet, sjølv om det hadde fylt buksene deira, sjølv om ein god del av bakbenks parlamentmedlemmane deler den samme skamma vi ber for den fryktelige oppførselen til Storbritanias (sic) statsminister. Det er ein motsetning. Eg har lyst å knekke knakken på han pga. alle løgnene og hensynslausheten samtidig som eg biter meg i tunga fordi der er ein befrielses sak som no involverar mange, mange liv.

På den positive sida, kunne eg ha fått knollen kutta av viss eg sa dette for nokre hundre år sidan; så ting er blitt bedre (slik som King Harold sa ved Slaget ved Hastings...eg veit det, eg veit det)

Eg skreiv i Dear Friends (kjæe venner) No. 28 (Februar 2003) 'Eg synest forslaget om offensiv angrep mit Irak er dumt og amoralsk'...og, 'Korleis da, i namnet til slik ein sivilisasjon og forstanden sjølv, kan vår Britiske regjering forene desse fredelige, innenrikspolitiske grunnsettingar med ein krigserklering mot ein sjølvstendig stat mitt i ein geo-politisk vulkan?'

Desse emnene påvirkar alle i mitt lang og vi må rope ut (eller skrive ned) for å gi debatten innhald, fram for å svelge den ogte sammenfiltra parilinja, eg er tvunget til å sjå store delar av dei bli hevet ned i dass også. Så det virkar rimelig at eg kan fritt ha det morro på bekostning av dette 'Castle Full of Rascals' (slottet full av skurkar) Å bu i eit slik glashus som Storbritania, eg reiser med stor respekt for mine vertar, når eg er ute av landet.

Ein viktig ting å hugse, i desse dagar er der ikkje noko dominerande personlighet i DP, og vi har som oftest ganske forskjellige syn på ein rekke ting, så du får ein del finare omskrivningar når vi driv med følsomme emner. Eg liker det for di at GGggrrrrrrrr!!! er normalt sett eit eller to lag under humoren.

Eg høyrer at Australia og New Zealand konsertar blir booka for April, vi skal legge ut datoane så snart som dei er bekrefta. Følg med her.

Cheers, ig

Frå: metalma@hotmail.com

Hallo Ian

Hadde billettar til konserten i München den 31. Oktober, men vart sjuk dagen før. Sønene mine var der, og kom frå konserten totalt begeistra. No er eg så trist, fordi det var den fyrste gangne på 30 år at eg hadde sjangsen til å sjå favorittane mine live! Spørsmålet mitt er, vil der komme dein DVD eller video frå turnéen? Det ville vere litt trøst for meg. Foressten, eg liker Bananas, på alle måtar...(dette er antagelig ein ondskapsful og uvanelig praksis -red) Ha det kjekt og forbli den du er

Heidi

Hallo Heidi

Trist å høyre om sjukdommen din, og at du gjekk glipp av konserten. Eg håper du har det bedre no.

Det er ikkje planlagt noko DVD frå turnéen. Men..AVO konserten den 14. November vart filma og eg trur du kan sjå den ein plass på nettet, pluss at den vil bli vist i Tyskland/Østerike/Sveits ein gang til på nyåret. Viss du ikkje kjenner igjen sangaren er det på grunn av at eg var full av forkjølelse og kom meg igjen frå ein nødrotfylling dagen før...eg er han som ser ut som eit ekorn som samlar nøtter og høyrest ut som ei gås som kjem inn til land.

Kanskje neste gang Heidi.

Måske næste gang Heidi

Cheers, ig

Returner til:
Back to the Q&a index