Questions - you got 'em; answers - we got 'em

66 - Kina udekka, favoritt speleplasser, unplugged, feilaktig bananfordøyelse, savner Manitoba

Frå: Brad DeMoranville [bdemoran@waldenu.edu]

Hei:

Her er eit spørsmål til Ian:

Korleis følest det å vere det fyrste rockebandet nokon sinne som spelte i Kina? Veit du om SARS vil gå ut over turnéforsikringa dykkar, slik som med Stones?

Takk,
Brad i Florida

Hallo Brad,

Det er alltid ein følelse av eventyr og spenning når vi dreg inn i nye territorier. Eg lurer på før om kva idear folket må ha om Deep Purple, dersom dei ikkje har noko slags erfaring med oss, og eg håper vi kan gi dei ein retur-billett.

Vi har ikkje turnéforsikring, så det er ikkje noko problem.

Cheers, ig

Frå: Neil Whiteley [highway_star_gazer@hotmail.com]

Hei Ian,

Stemma di er flott og eg likar alt materialet ditt. Og, god jobb med bananas! Den er kjempebra!

1) Eg såg DP i fjor i Wembley Arena, og det var bra, men eg må seie eg foretrakk å sjå dykk på Portsmouth Guildhall, året før, sidan opplevelsen var nærare og meir personlig. (eg er på Portsmouth universitetet akkurat no, berre på grunn av Highway Star! haha! [akkurat slik eg gjore ein gang i tida hahaa! - Steve / red] Så eg lurte på kva type speleplassar vi de spele på i år?

2) Du har antagelig svart på dette før, men når du seier "shoot that dog", kva slags hund siktar du til!?

3) Kva er favoritt plassen din?

Takk,
Neil Whiteley

P.S. Beklager at spørsmåla vart så tilfeldige.

Hallo Neil,

Takk så mykje for brevet dit, sjølv om eg ærlig talt synest du skulle vere meir bekymra over tilfeldigheten når det gjaldt skrivinga di enn spørsmåla - og deg på Portsmouth universitetet.

Uansett, eg er takknemmelig for dei hyggelige orda dine, uansett kva orda er.

Eg trur alle er einige i at den ideelle konserten er eit stort konsertlokale i din eigen heimby - helst med gratis øl og bevilgane billettprisar...drøm vidare. Vi gjer kva vi kan, men det er ikkje alltid mogelig og nokon ganger må vi berre spele på dei størra plassane for fleire grunnar. Vi gjer vårt beste.

Når eg seier 'shoot that dog' (skyt den hunden) refererer eg på ein måte til meg sjølv og den einsame ulinga som kjem foran utrykket.

Favoritt plassen min er på scena med Deep Purple.

Cheers, ig

Frå: Schwartzakitty@aol.com

Mitt namn er Sandra, og eg har eit spørsmål, Ian---kva synest de (Deep Purple) om idéen om å gjere ei unplugged plate? Dette måtte vere slik at ingen plugga noko elektrisk, slik som gitarar og keyboard, inn i forsterkarar, og berre brukte aukustisk og slikt. Eg trur det ville vere interessant å høyre nokon av sangane dykkar spelt på den måten, og det kan til og med hende at de når ut til eit anna type publikum...uansett, ver så snill å la meg få vite kva du synest om idéen, og takk for den storslagne musikken!

Sandra

Hallo Sandra,

Takk for det tankefulle brevet. Emnet har blitt diskutert frå tid til anna, og ja, eg trur det ville vere interessant å gjere eit unplugged album viss var radikalt konsepsjonelt begrunning for det. Men 'interessant' i seg sjølv er ikkje grunn nok for oss å gjere eit slikt prosjekt.

Vi er fullstendig klar over at vi treng tekstur i musikken vår, og eg synest vi gjer nok for å takle det. Men vi er eit rockeband, og eg er ikkje sikker på at vokalen ville virke med dynamikken vi mangla; og det - paradoksalt - er kva som ville skje dersom vi gjekk i aukustisk retning. Dersom du tar vekk rytmeseksjonen, Hammond orgelet og den elektriske gitaren kan det godt hende at vi når ut til eit nytt publikum, men kva ville skje med vårt eksiterande publikum?

Så vi speler musikk slik vi kan best med det vi har, og - interessant nok - vi oppdager forsatt nye ting innanfor det.

Cheers, ig

Frå: Jerrypiesr@aol.com

Ian,

La meg byrje med å seie at Bananas har vore i cd-spelaren i bilen min sidan eg fekk tak i den, med av og til ei lita pause for å sjekke ut nye cd'ar, berre slik at eg kan høyre eit eksempel. Der er ein del kjempebra musikk der, og den personlige favoritten min er 'Picture of Innocence' (virkar som den har eit hint av Lazy og Sometimes I Feel Like Screaming). Eg har eit par spørsmål, riktignok. Den fyrste er angåande låtrekkefølga. Sjølv om eg prøver å sjekke Q&A på Caramba, og eit par andre DP websider, minst ein gang i veka, er der tider datamaskina ikkje er tilgjengelig for meg, over lengre periodar, så eg beklager viss eg har gått glipp av dette, dersom det har blitt spurt før; men kvifor er låtane på cd'en annerledes enn det som er lista opp på baksida og på tekstsida? Eg freista å undersøkje om der var noko super hemmelig skjult kode eller ein meining bak det, men eg fann ikkje noko Purple insignia eller "Paul er daud" type meldingar.

Også, no som sommardatoane byrjar å kome ut, er der noko planar for å kome tilbake til USA? Eg hørte for ei stund sidan at DP kanskje ville gjere 2 turnéar her i år, og sidan eg ikkje vil kunne vere på denne, håper eg på ein utvida sommarturné, slik at eg kan sjå dykk likevel. Uansett, eg vil takke deg for turnéen då de passerte Cincinnati for eit par år sidan og var snill nok til å kome ut og signere biografien din for meg. Eg vart så overumpla av stjernestatusen din at eg gløymde å ta kameraet ut av lomma for å ta bilete i lag med deg, likevel, sonen min var veldig imponert. På det tidspunktet var foten hans dekka i gips og satt i rullestol etter ei bilulukke som han var gjennom ei veke før, og når vi for til Colombus eit par dagar seinare for å sjå bandet igjen, såg du han 6 rekker frå der du var og vinka til han. I 15 sekund var han ein kjendis blant folka kring oss.

Takk for den flotte musikken og håpe å høyre Bananas og Machine Head live i sommar!

Jerry Pieschel

Hallo Jerry,

Takk for brevet og dei veldig interesante spørsmåla.

Fyrst, låtrekkefølga; det er faktisk vist riktig på baksida av CD'en, vertfall på min kopi. Men du har heilt rett når det gjeld utforminga av tekstane på innsida, der berre to sangar som er riktig satt inn er 'Haunted' og 'Razzle Dazzle'. Dette er i seg sjølv ganske løye og leder meg til å tru at dei som har designa dette var ganske ute av det når dei satte saman dette heftet, men det er meir realistisk at dei leid av ein slags genetisk feil som har skjedd medan dei åt feil type bananer. Du kan løyse dette problemet - slik eg gjorde det - med ei saks og litt tape; bildene blir bedre også!

Ja, vi planlegger å kome tilbake til USA i sommar, følg med her for detaljer når det er bekrefta.

Cheers, ig

Frå: Dwarfsfan [blacklabel@shaw.ca]

Høy!

Eg lurte på om du har noko informasjon når det gjeld Grand Beach festivalen i Manitoba, Kanada tidlig i August. Promotøren hadde lista Deep Purple som ein av dei største namna på plakaten, men har nylig teke dykk vekk. Planlegger dykk å kome til Vest Kanada?

Jim Craig

Hallo Jim,

Eg sjekka dette; Eg veit ikkje kvifor promotøren bestemte seg for å sette oss opp på lista då det var aldri planlagt at DP skulle spele der.

Men vi planlegger ein skikkelig Kanada turné seinare i år - September trur eg. Detaljer om dette vil bli lagt ut så snart som det er bestemt. Det er ikkje uvanelig at slike ting skjer og eg veit mange skuffa fans som har booka feriar/fly osv. for å sjå eit show som vi veit ingenting om. Ver så snill å hugse at ingenting skjer før kontraktene er signer og datoane er gitt ut gjennom managementet.

Du kan sjekke her på Caramba www.gillan.com eller på DP sin offisielle webside www.deep-purple.com

Cheers, ig

Returner til:
Back to the Q&a index