Questions - you got 'em; answers - we got 'em

71 - usett, størrelse på ei banan, Barbi-que-dukke, JCS film ikkje-tilstedeværelse, stemme transplantasjon

Frå: Neil Wakeman

Hei og hå Ian,

Køyrer du ein Hummer, svart med eit skilt der det står GILLAN på?????

Dersom du gjer det, kjørte du forbi oss på Hollybush pub på Stour-brua til Bromsgrove Road. Besøkte du Robert Plant? Han bur ikkje så veldig langt unna.

Likte deg på Sabbath albumet, men det varte ikkje lenge riktignok.

takk for musikken din
rocke-musikk i gamle dagar var bra.
takk....frå neil

Hallo Neil,

Takk for spørsmålet. Beklager å måtte skuffe deg, men nei eg køyrer ikkje ein Hummer og eg har ikkje tilpassa skilt på bilen heller - kanskje det var Robert Plant. Eg har ein 30 år gamal Land Rover og du ser antagelig ikkje skilta bakom skiten. Eg har riktignok ei ny t-skjorte som har teksten 'Eg er sangaren i mitt band' på framsida.

Kjekt at du likte Born Again - eg gjorde det også!!

Tilfeldigvis har eg akkurat spelt inn 'Trashed' på nytt i lag med mange andre, over alle åra, for jubileums-albumet mitt som heiter Gillan's Inn.

Cheers, ig

Frå: Adam Gelston

Om eg skriver til Caramba eller Ian Gillan veit eg ikkje, men dette er retta mot Ian...Kva slags fans retta de Bananas albumet mot når de skreiv og tok det opp...unge eller gamle???? eller var det eit 'ein størrelse for alle' album...

Adam, 15, Dublin

Hallo Adam,

Takk for spørsmålet, det er veldig interessant.

Fyrst av alt, du skriver til meg personlig; vi har eit automatisert system på Caramba, slik at alle spørsmål som blir sendt til Q & A seksjonen blir sendt til min personlige e-mail adresse. Eg leser alle. Nokre droppar eg fordi dei inneheld spørsmål som allerede har blitt behandla. Nokre er ikkje spørsmål i det heile teke, men kommentarar. Og nokre er lagt inn i ei mappe kalla 'Uvanlig'. Den er reservert for den vesle minioriteten som treng å gå til legen så snart som råd.

Eg har forklart dette før men det treng å bli repetert; dei gjennståande spørsmåla blir behandla av meg når eg har nokre ledige stunder eller når eg blir masa på av Red.

Eg sender den fullstendige Q & A til Steve Campbell (Red.) og han legger dei i kø etter når dei skal bli lagt ut; viss du ser tilbake på arkivet vil du sjå at han gjer ein veldig god jobb i kategorien 'balanse'. Så nokre gonger må eit brev vente månadsvis før den finner ein passande partner.

No når vi har fått det unna, kan eg ta meg av spørsmålet ditt. Som mange likesinna, spørsmålet ditt er forma kring ein antagelse og vi må ta oss av det fyrst ellers får du ikkje det svaret eg trur du leitar etter.

Du spør 'Kva slags fans retta vi Bananas albumet mot?' og så hjelper du meg med å tilby tre svar 'ung, gammal eller ein størrelse for alle'.

Vel, så sjokkerande som det kan virke så tenker ikkje vi på fansen i det heile teke når vi skriv og tar opp musikk; det er det som er så fint med det. Idéeane kjem opp frå den kreative underbevisstheta til ei gruppe av forskjellige sjeler, dratt i hop av ein vanlig tråd. Den tråden er sjela til bandet/familien som gir oss dei tinga vi alle treng: Ein følelse av å høyre heime og ein følelse av meining. Viss vi hadde gått ut for å oppnå ein definert kommersiell ende da ville alt ha falt saman innen 1975.

Så, Bananas var akkurat det samme som alle andre album vi eller eg har gjort. Musikalske og lyriske idéar er utvikla og blanda i ein skriver-prosess som ikkje har forandra seg mykje på 45 år. Essensen til eit rocke-band er viktigheten til alle musikarane i motsetning til andre musikk former som legger vekt på stemma og produksjonen der musikarane berre er støttespelarar - Pop musikk stort sett. For eksempel, når eg signerte min fyrste platekontrakt - Episode Six med Pye Records i 1965 - vart vi sendt til ein utgivar for å finne låtar. Sidan vi var veldig ukjente på den tida fekk vi kun tilbud om materiale frå 'botnskuffa' til arkivskapet fylt med notar frå innleigde skribentar.

Roger Glover var allerede ein utviklande skribent men vi fann det vanskelig for han å bli akseptert innan den eksisterande strukturen til Musikk Bransjen som alltid virkar som dei plasserar forretningar foran musikken, og det er ei skam - dei burde gå hand i hand - derfrå Moronica (Any Fule Kno' That).

Eg har skrevet ein god del i tidligare Q & A om måten vi skriv på så eg håpar denne forklaringa vil tilfredstille ditt spesielle spørsmål.

Vi er heldige nok til å få forskjellige typar fans til show'a våre og heldigvis forstår fansen vår at musikken kjem frå hjertet og sjela, ikkje eit skrivebord.

Eg håper dette gir meining.

Cheers, ig

Frå: Tomasz Rymer

Hei Ian,

Eg har spørsmål til deg.

Har du nokon gang gjort ein live-framførelse av 'Jesus Christ Superstar'. Tilog med viss det berre var ein gang. Dersom du har, kor og når var det? Viss du hugsar og viss eg kan spørre deg som slik informasjon?

Beste helsingar!
Tomek

P.S. Eg var på Deep Purple konsert i 1996. Poznan/Polen. Vel, de var bra. Eg beklagar engelsken min. (som er oversatt til norsk her, sjølvsagt -TJ)

Hallo Tomek,

Takk for brevet ditt, og vær så snill å ikkje unnskyld deg - engelsken din slår prikkane av mine kunnskapar om polsk.

Som svar på ditt spørsmål, Nei, eg har aldri framført JCS live. Eg spelte JC i den originale studio-versjonen, teken opp i London, October 1970. Eg fekk tilbud om filmen og live-showet, men eg var veldig opptatt med Deep Purple og måtte uheldigvis takke nei til begge deler. Dett spørsmålet har faktisk blitt spurt nokre gangar før, men det er ein god mulighet til å minne dykk alle om at de kan leite etter emnet før de sender inn spørsmål.

For eksempel, I for å søkte, på botnen av heimesida til Caramba, og skreiv inn JC Superstar - prøv det - og velg det følgande frå Q & A 16, men der er mykje meir om emnet.

Cheers, ig

Frå: Will Simmons

Ian,

Når du ikkje er på turné, grillar du ute? Dersom du gjer det, er du ein gass- eller kol-mann? Er der ein tydelig forskjell mellom måten britane og amerikanarane kokar ute? Nokre spesielle tips på grill-teknikkar, oppskrifter osv. ville bli sett pris på.

Takk,
Will Simmons
Pittsburgh, PA USA

Hallo Will,

Eg bruker kol. Eg antar at der er nokre forskjellar mellom U.S. og U.K. måten å grille på.

For eksempel når eg sist vart arrestert - ah, beklager, feil grilling...

Eg brukar å drikke øl og steike pølser - døds-brente; men vanligvis tar andre seg av steikinga for alt ender opp å sjå ut og smake som litt svart aske av ukjent opprinnelse. Deilig seier eg, men det er ikkje alle som liker det.

Eg har eit bilete av min sviger-mamma, som var altfor lenge framfor flammane og brann brysta henner. Vi trudde ikkje på ho før ho lyfra t-skjorta. Eg fotograferte beviset og kalla det 'Barbi-que-dukke'. (sannheten er alltid rarare enn fiksjon... - steve / ed

Cheers, ig

Frå: Ross Clement

Kjære Ian,

Viss du vart tvunget til å bytte stemmer med ein av dei andre sangarane som har vore i DP, kven hadde du bytta stemme med og kvifor?

Og, viss du måtte bytte ein musikalsk rolle og evne med ein av dei andre medlemmane av DP, kven ville du bytta med og kvifor?

Takk,
Ross-c

Hallo Ross,

Takk for spørsmåla dine.

Fyrste, det ville ha blitt Rod Evans; ikkje for å virke respektlaus mot dei andre - David, Glen osv. - men Rod var der under oppstandelsen av bandet og var på tre album et kjøpte, elska og spelte fast heime. Dette var før eg fekk den rare og spennande invitasjonen til å erstatte han!

Andre, det ville ha blitt Ian Paice, fordi da ville eg ha vore på kjernen av rytmeseksjonen, eg ville sleppe å bry meg med tonar eller tekstar, og eg ville ha fått sitte heile kvelden. Der ville vere andre fordelar også; dei som blir kombinert for å gi ein ny dimensjon til ordet 'thrift'.

Cheers, ig

Returner til:
Back to the Q&a index